Velkommen til Sogn Friluftsråd!
Vi ønsker vekommen som vårt 29.medlem Sogn Friluftsråd, med medlemskommunene Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster og Sogndal.
Her vil vi etterhvert lenke til friluftsrådets egne hjemmesider.
I etableringen av friluftsrådet heter det:
Sogn Friluftsråd vil vere organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap etter kommunelova kapittel 5, om interkommunalt samarbeid. Intensjonen med Sogn Friluftsråd er at det skal vere ein viktig samfunnsaktør som set friluftsliv på dagsorden i heile regionen. Friluftsrådet skal vere eit kompetansesenter på friluftsområdet og bistå alle medlemskommunane i dette arbeidet.
Kontaktperson til friluftsrådet (epost)
Friluftsskule Sogn Friluftsråd påmeldingsskjema
Friluftsskulene er eit ferietilbod for barn i alderen 10-13 år (fullført 4. klasse - fullført 7. klasse) som skal gi deltakarne ein lystbetont introduksjon til friluftsliv. Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og møte med natur ynskjer me å gi born eit nært og godt forhold til natur, samtidig som dei opplever meistring, læring, glede og skapar gode sommarminner.
Generell info om alle vekene - Meir konkret informasjon kjem på mail etter påmelding
● Me har opplegg måndag til torsdag kvar veke. (med unntak av veke 26 kor det vil vere tirsdag til fredag)
● Me møter og avsluttar dagen same plass kvar dag. Dagen varar frå 09.00 - 15.00.
● Det vert servert gratis lunsj kvar dag.
● Me vil blant anna vere innom ulike uteaktivitetar som sykling, klatring, kanopadling og kompani Lauritsen junior
● For dei eldste vil det og vere tilbod om overnatting under open himmel siste natta.
Tilbodet er gratis. Det er begrenset antall plasser. Av erfaring vert det fort fullt så være raskt ute med påmelding!! Påmelding finn de på vår facebookside under namnet “Sogn friluftsråd”.
Påmeldinga opnar onsdag 29.mai kl. 18.00 og skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.